Budsjetttider kan vere spanande. Dette er den tida på året då ein kan finne ut om det er nok barnehageplassar i kommunen, om grendaskulen held fram, om det framleis vil finnast eit lokalt helsetilbod eller om den vidaregåande skulen ein går på blir kutta i. Må vi sitte å lure på det her?
Dei siste 20 åra har det skjedd ei gradvis nedbygging av kommune-Noreg. Krava og behova har auka, men overføringane frå staten har ikkje auka. Viss ein ser på auka i kva som trengs, so har dei minka.Dette er ikkje tilfeldig. Dette er ei villa utvikling for å redusere statlege utgifter i ekte nyliberalistisk ånd. Uansett kva regjering som har styrt landet, har utviklinga vore den samme.
Er det mogleg å snu dette? JA! Ei anna utvikling er mogleg. Vi kan ha tilstrekkeleg overføringar til å drive barnehagar, skular og sjukehus. Noreg har råd. Vi kan kreve høgare skatt frå aksjeeigarar og andre rikfolk. Vi kan kutte i lønningane til stortingspolitikarar og andre statlege toppfolk. Vi har 2000 milliardar på bok. Kva er det som manglar? Eit folkeleg opprør. Vi treng auka press for folk flest, ikkje berre aksjonar mot enkeltkutt, men ein nasjonal aksjon for ein sunnare kommuneøkonomi.
Får vi til dette kan ikkje politikarar seie nei. Derfor vil eg komme med følgande oppfordring til alle som les den her bloggen: Reis dykk! Reis dykk mot kuttveldet!
onsdag 12. desember 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar