onsdag 28. november 2007

Hent Soldatane Heim!

Eg vil gjerne rette ei oppfordring til forsvars-minister( eller krigsminister) Anne Grethe Strøm Erichsen. Få Noreg ut av krigen i Afghanistan, hent soldatane heim!

Ja, for Noreg er i krig. Noreg er deltakar i USA sin imperialistiske okkupasjonskrig i Afghanistan. Dette er ein krig som vert blodigare for kvar dag som går. Det er ein krig som gjer unge norske menn til mordarar, som fører til at eit uttal afghanske sivile dør og som gjer at vi får unge norske menn heim i kiste.

Dette er ein situasjon vi i propagandakanalen ikkje vil skal fortsette. Derfor forsvarsminister: Hent soldatane heim!

2 kommentarer:

Betty Boom sa...

Respekt!
Betty

Sunniva sa...

Hey! Jeg vil også være med å skrive!