onsdag 3. oktober 2007

Luftlinje eller sjøkabel

Luftspenn eller sjøkabel?

I desse dagar byggast det fleire nye kraftlinjer. Store kraftlinjer. Då kan ein kanskje spør seg: «Kor skal ein føre desse linjene? Over jorda i luftspenn eller under sjøen i sjøkabel. Spør ein Statnett er svaret luftspenn. Statnett tar då kun økonomiske omsyn i betraktning. Livskvaliteten til dei som bur i nærleiken tar ein ikkje hensyn til. Ein tar heller ikkje omsyn til verna natur eller urørt natur. Ein tar kun omsyn til det det kostar å byggje linja.

Kva meiner Propagandakanalen? Vi meiner ein bør ta omsyn til folk før ein tar omsyn til byggekostnadar. Når ein britisk kommisjon er kommen fram til at ein får 70% auka sjanse for å få leukemi som barn viss ein bur innan 200 meter av ei 420 kv kraftlinje burde det vere ei alarmklokke som ringe i hovudet til statnett. Tydelegvis ikkje. Vi i propagandakanalen meiner sjøkabel er einaste alternativ når ein snakkar om store kraftlinjer over store avstandar. Men Statnett får jo politikken sin bestemt av regjeringa. Lenge var einaste svaret frå den kanten at luftlinje var einaste alternativ, men før valet var olje og energi-minister Enoksen på gli i spørsmålet om sjøkabel. Det blir spanande å sjå om det er sånn no etter valet med Åslaug Haga som olje og energi-minister. Det vil tida vise.

Vi i propagandakanalen meiner i alle fall at stor kraftlinjer skal gå under sjøen av omsyn til naturen og folks helse.

0 kommentarer: